Hudpleie på PULS

Hudterapeut Kristine tilbyr: Massasje, voksing, ansiktsbehandling, shellac og farging av vipper og bryn. Sal av hudpleieprodukt og gåvekort.




Veit du kva som er kroppen sitt største organ?
Det er faktisk huda di, som på eit vakse menneske har ei overflate på 1,6 m2, og kan vege opptil 3 kilo.
Huda di er kroppen sitt vern mot omverda. Huda di beskyttar kroppen din mot fysiske, kjemiske og mikrobiologiske skader, bidreg til å oppretthalde kroppens likevekt når det gjeld temperatur og kjemisk miljø. Huda di er eit sanseorgan som fangar opp stimuli som påverkar huda. Og ikkje minst er huda di kontaktflata di mot andre menneske.

Eg heiter Kristine Sande, og eg var ferdig utdanna hudpleiar sommaren 2009. Eg valte å byrje å jobbe med hudpleie fordi eg tykkjer det er kjekt å kunne hjelpe folk med spesifikke problem – og ikkje minst dette med å skape velvære. Eg ønskjer å gi kundane mine den gode kjensla av å bli stelt med, anten dei har konkrete problem med huda si – eller bere er på jakt etter den gode kjensla å bli teken vare på i ein hektisk kvardag. Når huda har det vel – så har ofte eigaren det også.

Eg har jobba for ulike spa, og hausta god erfaring. No har eg starta mitt eige selskap: Hud, helse & velvære. Eg held til i første etasje på Elvetorget i Førde, på sida som vender mot elva.

Sidan huda er eit stort og viktig organ, som ein må stelle pent med, fokuserer eg på å bruke reine og økologiske produkt, og ingrediensar så langt som råd. Eg ønskjer å vere eit naturlig val for hudpleie. Difor fokuserer eg på reine på reine og økologiske produkt.

Eg har også med meg samarbeidspartar som tilbyr Aromaterapi, hårmineralanalyse, polaritetsterapi, lymfedrenasje med kopping
og ein negledesignar.



    Beauty, Cosmetic & Personal Care

   97088466

      Pagina facebook

      3. Etg på Amfi Førde, Fords, Norway

  Parcheggio interno

Lascia il tuo commento




"Trova il tuo centro benessere, in un clic"