Vi er eit team på tre kiropraktorar, to fysioterapeutar, osteopat, pilates og yoga instruktørar og ein resepsjonist. Vi vil hjelpe deg den optimale vegen!
Optimal Helseklinikk er ein klinikk lokalisert til Webjørn Svendsen gate 8, 3.etg i Ørsta, på Ørsta Torg. Klinikken har tre kiropraktorar, ein Osteopat, to fysioterapeutar, pilates og yoga instruktørar og ein resepsjonist som kommuniserar med pasientar under samme tak.
Klinikken rettar seg mot pasientar i alle aldersgrupper som lid av muskel-skjelettplager. Pasienten blir tatt hand om og vurdert gjennom anamnese, ortopediske og nevrologiske testar, samt funksjonsanalyse.
Pasienten blir undersøkt og vurdert kva type behandling eller vidare undersøkelsar som er påkrevd for å hjelpe tilstanden. Vi kan sjukmelde, rekvirere Rtg, CT, MR, og også henvise til lege, legespesialist (Ortoped, Nevrolog, reumatolog etc.) og fysioterapeut.
Dersom pasienten blir vurdert behandla i klinikken blir ein behandlingsplan utarbeida. Denne kan innehalde t.d. kiropraktisk leddkorrigering, myofasciell smertepunktbehandling (manuellt og med nåler), terapeutisk massasje, slyngetrening, taping, soletilpassing, ultralyd/strøm og rehabilitering (trening/tøyingsøvelser) samt trykkbølgebehandling (som er vel - dokumentert behandling av kroniske betendelsar i musklatur/sener, hælspore og fotsåle smerter), - alt ettersom kva vi finn og kva ønsker du som pasient har.
Questo sito raccoglie ed organizza l'elenco delle strutture per il relax e tempo libero in tutto il mondo. Potete trovare quello che vi interessa in pochi clic e gratuitamente.
Il sito vive solo ed esclusivamente grazie alla pubblicità, quindi ti chiediamo di disabilitare il blocco dei banner. Se invece non vuoi subire il fastidio di pochi banner non invasivi, allora accollati il fastidio di cercare l'evento che ti serve altrove oppure clicca MI PIACE.
Lascia il tuo commento